Kalenderen din
Kva er kalenderen?
Kalenderen viser kva dag det er, og kva som skal skje.
Han kan lese avtalane høgt for deg.
Kven legg inn avtalar?
Familien din legg inn avtalar. Du kan òg gjere det sjølv.
Berre dei familien har invitert, kan sjå kalenderen.
Kva står i kalenderen?
Førenamnet ditt, og avtalane dine: kva, når og kvar.
Nokre avtalar handlar om helsa di, til dømes ein time hos legen.
Firmaet som lagar kalenderen, heiter Flai AS. Dei passar på opplysningane og ser ikkje på avtalane dine. Dei sel dei ikkje til nokon.
Det gjer ikkje kalenderen
Han veit ikkje kvar du er.
Han har ikkje kamera, og han høyrer ikkje på deg.
Han viser ikkje reklame.
Du bestemmer
Du kan seie at du ikkje vil ha kalenderen.
Du kan seie at noko ikkje skal stå der.
Du kan seie at du vil slutte. Då blir alt sletta.
Spør om du lurer på noko
Du kan òg skrive til Flai AS: post@flai.no
Vi snakka om dette: