Eg vil leggje inn ein avtale som skjer kvar veke
Til dømes dagsenter kvar tysdag eller heimesjukepleia kvar morgon. Du legg han inn éin gong.
Steg 1: Trykk på «Ny avtale» nedst på kalenderen
Steg 2: Skriv kva som skal skje og vel bilete, dag og klokkeslett
Steg 3: Vel kor ofte avtalen skal gjentakast
Kvar dag, måndag til fredag, kvar veke eller annakvar veke. Siste gong kan du velje om du veit han.
Steg 4: Trykk «Lagre avtale»
Avtalen blir lagd inn eit halvt år fram, og meir kjem av seg sjølv.
Steg 5: Vil du endre eller slette han seinare, trykk på avtalen i kalenderen
Du vel om endringa gjeld berre den gongen, eller den og alle seinare.