Alle rettleiingane

Eg vil snakke inn ein avtale

Dette er med i Hjemme Pluss. Du seier avtalen, og kalenderen fyller ut dag, klokkeslett, stad, kven han gjeld og bilete. Du ser han før han blir lagd inn.

Vis meg i appen
  1. Steg 1: Trykk på «Ny avtale» nedst på kalenderen

  2. Steg 2: Trykk «Vil du heller snakke?»

  3. Steg 3: Trykk «Snakk» og sei avtalen

    Sei kva, kva dag og når, til dømes «Frisør på fredag klokka tolv». Talen må vere på norsk. Du kan òg skrive.

  4. Steg 4: Sjekk forslaget og trykk «Legg inn»

    Sa du til dømes «klokka sju», spør vi om det er morgon eller kveld. Står det noko feil, kan du endre avtalen i kalenderen etterpå.